Arbeidsplassar for menneske med behov for tilrettelegging

Kontakt oss

Ei vekstbedrift i Alver kommune

Arbeidsplassar for menneske med behov for tilrettelegging

Me tilbyr arbeidsplassar for dei som av ulike grunnar treng tilrettelagt arbeid. Hjå oss er det ikkje same krav til effektivitet og inntening som på andre arbeidsplassar.

Me har avtalar med ulike offentlege instansar, og tilbyr i dag ca. 30 VTA-plassar (varig tilrettelagt arbeid). Det er og mogeleg å setje i gang andre tiltak som administrerast gjennom NAV. Me har avtale med Hordaland fylkeskommune om arbeidstrening for elevar frå vidaregåande. I tillegg kjøper Alver kommune dagplassar.

Visjon og målsetjing

Arbeidsglede i verdensklasse!

Gjennom fellesskap og tryggleik skaper me vekst

Stoltheit - Lojalitet - Likeverd



Historia

Forløparen til KIM AS starta opp i 1980 som ei arbeids- og aktivitetsavdeling under distriktsheim for psykisk utviklingshemma, Nordhordlandstunet. Vart omdanna til AS i 1991 med kommunal aksjemajoritetsdel, Lindås kommune(no Alver kommune) saman med Frank Mohn og ein del nabokommunar. Alle aksjane vart overført til Lindås kommune(no Alver kommune) i 2002 som no eig KIM AS 100 %. I 2022 vart selskapa delt i Kim Eigedom as som mor og eigedomsselskap, og Knarvik idustri og miljø as som driftsselskap

Slik søkjer du om varig tilrettelagd arbeidsplass

Kven kan få tilbod om VTA?

Dersom du får uføretrygd og har behov for arbeid i ei skjerma verksamheit, kan du få tilbod om varig tilrettelagt arbeid med arbeidsoppgåver som er tilpassa deg.

Varig tilrettelagt arbeid kan vere aktuelt for deg som har, eller i nær framtid forventar å få uføretrygd, og treng særskild tilrettelegging og oppfølging. Som deltakar i Varig Tilrettelagt Arbeid er du er arbeidstakar i medhald av arbeidsmiljølova, og du får arbeidskontrakt med oss som arbeidsgivar.

Kva går arbeidet ut på?

Arbeidet skal bidra til å utvikle ressursane dine gjennom tilrettelagt arbeid, og om mogleg kvalifisere deg til ordinært arbeide ved produksjon av varer og tenester.

Du kan og få permisjon frå oss for å prøve deg på ein ordinærarbeidsplass (hospitering). Formålet med hospitering er å leggje til rette for ein overgang frå skjerma til ordinært arbeid. Du kan få permisjon for inntil seks månadar for å hospitere.

Kor lenge kan eg vere hos dykk?

Tiltaket hjå oss er ikkje tidsavgrensa. NAV skal likevel vurdere jamleg om det kan være aktuelt med andre arbeidsretta tiltak, utdanning eller ordinært arbeid.

Er arbeidet betalt?

Du får uføretrygd etter folketrygdloven, og du får oppmuntringspengar hjå oss etter eigen tariff – ASVL.