Tilrettelagte arbeidsplassar i Alver
Gjennom fellesskap og tryggleik skaper me vekst
Stoltheit - Lojalitet - Likeverd
Alt frå grafiske tenester til gjenbruksbutikk
Knarvik Industri og Miljø er ei vekstbedrift i Alver kommune. Me har mellom anna 30 VTA-plassar og utfører eit mangfald av tenester. Me har og ein rikhaldig produksjon av varer av ulike slag. Kontakt oss gjerne dersom du har behov for våre tenester, eller ynskjer å kjøpe produkt frå oss!
Arbeid til alle
Me tilbyr arbeid til personar som treng tilrettelegging. Vår tanke er at alle som har ynskje om å vere i arbeid, skal få arbeid. Vår bedrift består av dyktige, blide og hyggelige medarbeidarar, med ei stor glede for jobben sin.
Ynskjer du å vite meir om det å arbeida hos oss, ta kontakt.