Om Knarvik Industri og Miljø AS

Historien om Knarvik Industri og Miljø AS

Forløparen til KIM AS starta opp i 1980 som ei arbeids og aktivitetsavdeling under distriktsheim for psykisk utviklingshemma, Nordhordlandstunet. Vart omdanna til AS i 1991 med kommunal aksjemajoritetsdel. Lindås kommune saman med Frank Mohn og ein del nabokommunar. Alle aksjane vart overført til Lindås kommune i 2002 som no eig KIM AS 100 %. 

Knarvik Industri og Miljø AS er ei vekstbedrift.                                                                                  

Vi tilbyr arbeidsplassar for dei som av ulike grunnar treng tilrettelagt arbeid. Hjå oss er det ikkje same krav til effektivitet og inntjening som på andre arbeidsplassar.

Vi har avtalar med ulike offentlege instansar, og tilbyr i dag ca. 30 VTA-plassar (Varig Tilrettelagt Arbeid). Det er og mogeleg å setje i gang andre tiltak som administrerast gjennom NAV. Vi har avtale med Hordaland fylkeskommune om arbeidstrening for elevar frå vidaregåande. I tillegg kjøper Lindås kommune dagplassar. Vi har skuleungdom som arbeider ved gjenbruksbutikken som ekstrahjelp i ferie og fridagar, og pensjonistar som ikkje heilt vil sleppa arbeidslivet.

Vår visjon er at tilsette skal oppleve Trygghet, Respekt og Utvikling (TRU).

Vi skal respektere det enkelte menneske sin integritet og eigenverd. Vi skal ta individuelle verdisystem  når arbeid/aktivitet vert planlagt og gjennomført. Eit heiskapleg menneskesyn er ein viktig forutsetning for kvalitet. Vi skal respektere fysiske og psykiske og åndelege behov. Ordinært tilsette og brukarar skal samhandle som likeverdige partnere med ulik bakgrunn og erfaring.

Hovudmålsetjinga er: "Verksemda er oppretta for å ivareta viktige sosialpolitiske føremål i Lindås kommune.

 Bider frå bygginga 640x431

Opning komprimert